Reisebrev fra svigerfar
Veldig kjekt å få Henriette hjem igjen fra Spania
--- og såååå kjekt at snille svigerfar har skrevet dagbok fra ferien.
Enjoy:
Henriette i Torrox
Frå Førde fredag 20. april med farfar til Bergen. Gret litt ved avreise, men det gjekk fort over, sovna ved Skilbreid, vakna før Lavik og ville heim. Kjøpte drikke på ferga. -Så fin jente du har med deg - Eg skal til Spania - Så heldig du er. Overnatting i Bergen.
Laurdag 21.
Opp kl. 0400, Henriette i godt humør. .
Ved innsj. på Flesland ? Eg skal til Spania
Berre litt øyredott på flyet. Emileo henta oss på flyplassen, til Carlos Cano. Utpå dagen ville Henriette heim. Mamma - mamma- Ville snakke med mamma. Vart litt gråting og hylerier også etter telefonsamtalen. Så forklarte farfar korleis heimreisa skulle skje, gråten stoppa. Henriette var ganske trøytt, sov heile natta. Vakna søndags morgon, utkvilt og i godt humør.
Sundag 22
Gjekk til kysten/stranda, såg på havet, bølgjene. Farfar bada (ei bølgje gjekk over storetåa). Herleg pizza på Romeo. Teikning, Uno, helsa på hunden Alex, Monika, Ingmar. Flott dag!

Måndag 23
Henriette glad heile dagen. Gjekk på marked. Kjøpte barneklokke, leikeklossar, fingerdokke. Henriette hjelpte med vatning i hagen. Kari og Vidar kom på besøk. Henriette teikna med Kari og sparka fotball. Kari: Du er kvikk både i beina og i hovudet.

Tysdag 24.
Til hagemøbelbutikk ved Repsol like før Nerja. Kjøpte stor krukke for omplanting av palme. Til stranda Torrox. Storfe bølgjer. Bassenget freista, 19 grader, Symjevesten kom på, Henriette vassa litt i bassenget,sprang innimellom ganske ørvill rundt bassenget. Fotball, diverse aktivitetar. Videosamtale med alle i Førde. Litt heimlengsel om kvelden. Snakka om at det ikkje går an å vere to stader samtidig.
Onsdag 25.
Henriette kjøpte kort og skreiv til alle i Førde. Henriette og farfar bada for første gong i bassenget. H. ganske vill av glede. Middag hos Kari og Vidar i «gamlehuset». H. og Kari teikna og fargela. Vidar vart til spøkelse.

Torsdag 26.
Farmor sette i gang med vasking inne og ute, mens Henriette og farfar køyrde til C, kjøpte frimerke og H. putta kortet i den gule postboksen. I 3-tida kom Kari og Vidar, alle 5 gjekk i bassenget, bra temperatur på vatnet, ca. 20 grader. Så vart det middag, karbonadekaker, salat jordbær med citron /fløyte mm. Dagen gjekk med prat og leik til mørkret fall på. H ville gjerne sjå alle utelysa, også med lys i bassenget. Sovna kjapt.

Fredag 27.
Starta dagen med spasertur til nærbutikken. Litt arbeid i hagen, fotball. Kari og Vidar på badebesøk. Kari teikna, laga figurar med Henriette i timesvis.
Laurdag 28.
Litt regn. Til Eroski Velez. Kjøpte ny videomaskin, leverte inn den gamle (frå oktober) til rep. Henriette fekk tøflar, 2 puslespel mm. Handling på Mercadonna tok litt tid. Masse jordbær, syltetøy skulle lagast. Sola titta fram igjen, så det vart fint å puzle, spele uno og diverse på terrassen. Så vart det endeleg tid til film!
Søndag og måndag.
Særleg søndag var det regn. Mest inneaktivitetar, ludo, uno, diverse spel, film, nærbutikken, hjelpte farmlor å plante spansk gras. Farfar var måndag til Motril for å ordne bilen, så då sov jentene ekstra lenge.
Tysdag
1. mai Fest i landsbyen, paella, dans og musikk. Spasertur bak åsen frå Competa-vegen. Kaffi, brus kaker og jordbær hos Kari og Vidar i gamlehuset.
Onsdag
Farfar laga spaghetti og serverte under palmen. Kari og Vidar var med. Dei kom med kaker. Bassenget var veldg populert, H flaut fint på symjevesten, tok sine første symjetak.

Torsdag.
Farmor hadde kontordag, så H og farfar spaserte over haugen til veg 340, såg på hestar, innsekt, hundar, gjekk innover til Garden og småvegar tilbake til Huset. Middag ute under palmen. H tok ein liten middagslur. Så kom danske Karin og avtalte vask for sommar/haust. Kari og Vidar dukka også opp. H Kari og Trine gjekk i bassenget, farfar og Vidar vart opptekne med å rydde etter knust glass. Naturlegvis vart det Uno både før og etter bading. H sette veldig stor pris på Kari, også Vidar,og følgde eit stykke bortover på fortauet. Kveldstur, is på nærbutikken. H vart oppteken av ein katt som følgde etter henne og gjerne ville inn. Kveldsmat med pølser og broccolli. H åt masse brødpudding med nylaga jordbærsyltetøy. H reflekterte nok over at Spania-opphaldet nærma seg slutten. Gler seg til å komme heim, men er bevisst på å få med seg mest og best muleg før «ferien» er over. Tenkjer også på korleis det vil bli å komme tilbake. Inne i huset vil det truleg bli omlag det same, men ute vil blomster, busker, appelsin- og citrontre vere større!
Fredag, dagen før heimreise.
Det vart rydding både inne og ute. H var veldig flink og forstod at dette måtte gjerast og var delvis med i arbeidet.
Kl 16.30 skulle vi ete avskjedsmiddag med Kari og Vidar i gamlehuset. H og farmor spaserte oppover mens farfar tok bilen slik at alle kunne kløyre tilbake. Nydeleg middagg med dessefrt, is, frukt. H og Kari hadde så ei lang kosstund saman, særleg påt dataskjermen. Litt gråt ved avskjeden. Samværet med Kari var stas!
Eit para Uno vart det. Som alle andre kveldar vart det også denne lest før H sovna ganske raskt.
Laurdag
Emilio skal komme med taxi 08.45 for retur til Malaga aeroporta. Vi vil vere på Flesland 14.45.,og farfar drar med H til Førde ganske fort. (slik der i alle fall planen for denne dagen)


























